Ved entrepriseprosjekt er det svært vanleg at det blir inngått ei kontrakt etter ein av NS-standardane. Som byggherre eller hovudentreprenør må du då halde deg til dei fristane som gjeld i sluttoppgjeret, typisk at du må kome med innvendingar mot kravet til entreprenør eller underentreprenør innan ei avtalt frist.
Denne frista er som regel to månedar etter at sluttfakturaen med sluttoppstilling har blitt motteke. Men kva formkrav gjeld for at noko skal bli rekna som ei fristavbrytande innvending etter reglane i NS-standardane? Gulating lagmannsrett har i ein dom av 7. juni 2019 kome med ei avklaring om dette.
Dommen omhandlar ein tvist i eit sluttoppgjer, der spørsmålet var om hovudentreprenøren sine innvendingar mot underentreprenøren sitt mengdeoppsett i sluttoppgjeret var prekludert. Saka gjeld kva formkrav som må vere oppfylt for at noko skal reknast som ei innvending.
Bakgrunnen for dommen var at Skanska Norge AS vart engasjert av Bybanen Utvikling AS i januar 2014 til å bygge eit administrasjonsbygg og verkstad for Bybanen i Bergen. Skanska engasjerte Halvorsen Grave- og Transportservice (som no har endra namn til HGT AS) som underentreprenør for grunnarbeida. Kontrakta mellom HGT og Skanska var basert på NS 8415.
I avtalen var det fastsett at alle postane i kontrakta var regulerarbare, men at det var HGT som hadde ansvaret for å måle medgåtte mengder. HGT skulle gje målebrev/vekesrapport som skulle bli godkjent av Skanska og Bybanen.
Etter at arbeida var i gong, fakturerte HGT fortløpande. Det oppstod deretter ein diskusjon om dokumentasjon av mengder og målebrev. Skanska etterlyste fleire gongar dokumentasjon for kva mengder som var medgått.
Etter at arbeida var ferdigstilt, utsatte partane frista til å komme med innvendingar til sluttoppgjeret til 29. mai 2016.
Skanska kom med sine innvendingar i eit brev av 27. mai 2016. I eit vedlegg til brevet stod det at av det totale kravet på kr 58 645 331 ekskl. mva. som HGT kom med, hadde Skanska betalt kr 36 897 336, medan kr 23 835 925 vart bedt kreditert.
Samtidig stod det i vedlegget at av dei målebreva på kr 43 559 467 som HGT hadde lagt fram, vart kr 14 569 914 omtala som «Andel godkjent», kr 412 758 som «Andel avvist» og kr 28 616 794 som «Andel ikke ferdigbehandlet».
Etter det oppstod det ein tvist om Skanska hadde kome med innvendingar som var fristavbrytande i sluttoppgjeret. HGT meinte at Skanska ved å sei at beløpet på kr 28 616 794 ikkje var ferdigbehandla, ikkje hadde kome med fristavbrytande innvendingar innan sluttoppgjersfrista 29. mai.
Skanska svarte då at formuleringa «Andel ikke ferdigbehandlet» medførte at dei kr 28 616 794 måtte bli sett på som avvist i sin heilheit.
Spørsmålet lagmannsretten tok stilling til var då blant anna om HGT måtte ha forstått at Skanska hadde avvist beløpet på kr 28 616 794 som Skanska hadde omtala som «Andel ikke ferdigbehandlet».
Lagmannsretten meinte at det var mest naturleg å forstå formuleringa «Andel ikke ferdigbehandlet» som at Skanska ikkje hadde tatt stilling til beløpet på kr 28 616 794, og at det då ikkje var mogleg å forstå at heile beløpet var avvist. Nokre av dei avgjerande momenta var at beløpet på kr 28 616 794 ikkje samsvarte med det beløpet som Skanska krevde kreditert (kr 23 835 925), og uttrykket «avvist» kun vart brukt for beløpet på kr 412 758, og at Skanska også hadde uttala til HGT at selskapet skulle få betaling dersom Bybanen aksepterte noko av beløpet.
Grovt forenkla kan ein sei at dommen medfører at eit krav ikkje blir rekna som avvist i sluttoppgjeret, dersom det blir omtala som «ikke ferdigbehandlet». Dette er også det mest naturlege resultatet, med tanke på at omsynet bak reglane i sluttoppgjeret er å få ei avklaring på kva krav som blir akseptert eller avvist.
Sjølv om dommen kun omhandlar kva som skal til for å gje ei fristavbrytande innvending ved sluttoppgjer etter NS 8415, er det grunn til å rekne med at dommen vil gje rettleiing for sluttoppgjer ved andre entreprisetvister. Som byggherre (eller hovudentreprenør) er det derfor viktig at du ved sluttoppgjer er konkret melder om krava frå entreprenør eller underentreprenør er godkjent eller ikke godkjent. Om du ved frista for sluttoppgjeret nemner at krava ikke er behandla, medfører det ein svært høg risiko for at dette ikke blir sett på som ei fristavbrytande innvending.